Politisk løysning i Libya

Ein månad etter at FNs tryggleiksråd vedtok resolusjon 1973 om Libya er situasjonen framleis svært alvorleg.  Trass flyforbodssone og internasjonal militær intervensjon er dei sivile tapa store. No fryktar fleire ei humanitær krise som følgje av at oljeinntektene har stoppa opp og tilføringa av mat og naudsynte varer er redusert.

SU har heile vegen vore kritiske til den militære operasjonen Frankrike, Storbritannia og USA sette i gang og som no er leia av NATO og gjekk i mot norsk deltaking i operasjonen. Det er ikkje fordi vi er prinsipielt i mot å nytte militærmakt for å verne sivile. Men fordi vi frykta at ein vestleg militær inngripen i Libya raskt kunne utvikle seg til ein langvarig bombekrig, der målet gjekk frå å verne sivile til å endre det libyske regimet ved hjelp av vestlege bombefly.

Det er overraskande lite diskusjon om Libya i Noreg. Eg trykkjer det om lag berre er i SV at debatten er så god og grundig som den bør vere når Noreg deltek i krig. Det er synd. Utviklinga i Libya fortener meir og betre debatt.

Kva bør vi meine om utviklinga i Libya no? Situasjonen er framleis komplisert, men tre forhold blir stadig klarare.

1. Det finst inga militær løysning. Verken opprørarane eller diktatoren kan vinne militært
2. Den militære operasjonen som det USA, Storbritannia og Frankrike med venar (Noreg) gjennomfører undergrev mulegheitene for ei forhandlingar og våpenkvile i tråd med FN-resolusjon 1973.
3. Det vert stadig tydelegare at målet med den internasjonale militære operasjonen er å gjennomføre eit regimeskifte i Libya gjennom vestleg militærmakt.

Eg tvilar på at så mange er usamde i det første punktet. NATO har effektivt øydelagt det libyske flyvåpenet, store delar av kommandostrukturen til Gaddafi og offensivar mot Benghazi vil bli stogga av vestlege bombefly. Gaddafi klarer ikkje knekke opprøret. Godt er det, får ein legge til. På andre sida er det klårt at opprøret no er geografisk avgrensa, og at opprørsrådet i Benghazi ikkje rår over militære middel til å vinne ein krig mot diktaturet.

I mediene vert det framstilt som det FN-resolusjonane 1970 og 1973 seier er at Vesten skal bombe Libya. Det seier dei ikkje. Resolusjoanen slår fast at FNs krav er vapenkvile og forhandlingar. Dersom dette kravet ikkje vert innfridd frå diktaturet åpnar dei for ein militær operasjon som utelukkande har som mål og verne svile. Bakteppet var Gaddafi-hærens raske frammarsj mot Benghazi. Eit av problema med den militære operasjonen som har blitt sett i gang, er at den har teke fokus vekk frå og dels stengd døra for den politiske prosessen FN krev. Leiaren for den Afrikanske Union avslører at ein delegasjon frå AU vart nekta innreise til Libya for å forhandle mellom Gaddafi og opprørane midt i dei dramatiske dagane før bombene byrja falle. Både initiativ frå Hellas og Tyrkia har blitt møtt med ei kald skulder frå NATO.

Endå verre er at det at NATO dei siste vekene har angripe mål langt unna kampane mellom regimet og opprørarane, inkludert Gaddafi-familiens heim. All erfaring tilseier at Gaddafi-diktaturet er villige til forhandlingar. Seinast i 2003 avslutta Gaddafi atomprogrammet sitt som del av ein internasjonal avtale. Diktatoren har overlevingsvilje. Men når Gaddafi sjølv og familien hans vert gjort til mål, er sannsynet stort for at forhandlingsvilja vert redusert. Oppslutninga om regimet aukar derimot som følgje av slike åtak. Det er i seg sjølv eit problem for alle som ønskjer demokrati i Libya.

Når SVs landsmøte vedtok støtte til FN-operasjonen i Libya var det med krystallklårt atterhald om at mandatet til FN måtte ligge til grunn. Operasjonen skulle verne sivile, ikkje endre det libyske regimet. Eg ønskjer Gaddafi til helvete. Men demokrati må skapast nedanfrå. Det kan ikkje bombast på plass. Det er Irak og Afghanistan levande prov på.

Sjølv om mellom anna Grete Faremo insisterar på det motsetje, verkar det stadig tydelegare at målet i alle fall Storbritannia og Frankrike har med operasjonen i Libya er eit nytt vestleg-venleg libysk regime. Den britiske forsvarsministeren Liam Fox opnar for å ”bombe Gaddafi” og rådgjevarar i det britiske forsvarsdepartementet innrømmer til avisa Daily Mail at målet med operasjonen er eit nytt libysk regime.  Svein Melby ved Institutt for Forsvarsstudier i Noreg seier at – Den offisielle argumentasjonen er at de beskytter sivilbefolkningen, men det er veldig sannsynlig at det egentlige målet for NATO er å fjerne Gaddafi.  

Eg meiner difor at kritikken SU framførte mot vestleg militær inngripen i Libya diverre treff godt på utviklinga ein månad seinare. Operasjonen har svekka rommet for forhandlingar, den maktar ikkje å hindre sivile tap, og det vert stadig tydelegare at andre mål enn reint humanitære styrer dei militære operasjonane.

Difor bør Noregs Libya-politikk endrast.

For det første bør Noreg støtte kravet om våpenkvile som mellom anna den Afrikanske Union har teke initiativ til. Ei våpenkvile vil vere i samsvar med FN-resolusjon 1973, og den einaste effektive måten å hindre angrep på sivile.

For det andre bør Noreg støtte ein politisk prosess i Libya som har som mål å få slutt på konflikten og dei sivile tapa. Ein slik prosess må naturleg nok involvere både opprørarane og Gaddafi-regimet.

For det tredje bør Noreg avslutte det militære bidraget til Libya, slik at våpenkvila og den politiske prosesse kan verke.

 

 

About olavmagnus

Leiar i Sosialistisk Ungdom
This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

Leave a comment