Bakkekontakt?

USAs president Barack Obama tala om revolusjonane i Mellom-Austen og Nord-Afrika i går.  Det var  meir interessant enn ein skulle tru. Obamas flosklar om demokrati treng ein ikkje repetere. Dei står i grell kontrast til USAs framleis vedvarande støtte til diktatura i regionen. Seinast i januar skrytte Pentagon av kor raskt den amerikanske forsvarsindustrien kunne levere kamphelikopter til Saleh-diktaturet i Jemen.

Obamas tale er mest av alt av interesse fordi han kom til å nemne at ein palestinsk stat må baserast på grensene frå 1967.

Meir skulle ikkje til før det gjekk i spinn for okkupansjonsmakta Israel.  USA skjønar ikkje realitetane på bakken, meiner den israelske statministeren. Mon det.

Eg trur poenget er at det nettopp er bakken USA sakte med sikkert er i ferd med å få kontakt med.

Bakken i Mellom-Austen er ikkje det den ein gang var. Før jul sat Israel med bukta og begge endane. Den palestinske frigjeringsrørsla var splitta. På Vestrbeidden regjerte ei stadig meir korrupt og maktesløys sjølvstyreregjering, som var like lite regjering som den regjerte over eit sjølvstyre. I nabolanda sat USA-lojale despotar utan vilje eller evne til å støtte den palestinske saka med anna enn tomme ord.

På få månadar har biletet endra seg grunnleggande. I Egypt rår no hæren fram til eit – får vi håpe – fritt val. Uansett kva utfallet blir vil det ikkje vere noko å juble for verken i Washington eller Tel Aviv. Egypt har allereie byrja å endea line, og synt ei heilt anna vilje til å støtte den palestinske saka. Grensene til Gaza er allereie mjuka opp. Sjansane er små for at eit nytt egyptisk regime vil utfordre Israel militært. Men dei er langt større for at Egypt vil nekte å la seg diktere. Og med amerikanske F-16 og stridsvogner  i hopetal på egypisk side av grensa, freistar det neppe israelarane å nytte makt for å stogge pro-palestinsk diplomati. .

I Syria vaklar Israels mest lojale fiende, i Jordan veit Kongen at han rår over eit folk der halvparten er palestinarar. I Irak er USA på veg ut, i Jemen er sannsynet stort for at Saleh må gje opp kampen mot demokratiet.

Og midt i det heile har Hamas og Fatah funne felles grunn, delvis pressa fram av palestinske ungdommars krav om eining i møte med okkupanten.

Det vert neppe tverrendringar i tilhøva for det palestinske folket som lev under  okkupasjon, i eksil eller fengsel. Men når til og med USAs president kjenner det naudsynt å signalisere ei endring av line er det eit sterkt signal om at noko er i ferd med å endre seg. Kanskje til og med til det betre.

About olavmagnus

Leiar i Sosialistisk Ungdom
This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

Leave a comment