1.mai

Vår tids farlegaste fundamentalistar går verken i prestekappe eller Niqab. Dei går i dress. Dei les verken Tora-rullar eller bibelvers, men Financial Times og Dagens Næringsliv. Vår tids farlegaste fundamentalistar trur ikkje på Gud, men på marknaden. 

I går held eg tale på 1.mai-markeringa Ulefoss og Lunde i Nome kommune i Telemark.  Arbeidaranes internasjonale kampdag er viktig, både politisk og kulturelt.

Politisk er 1.mai viktig fordi styrka og slagkrafta til arbeidarrørsla avgjer kva type samfunn vi skal leve liva våre i. I Noreg som i dei fleste andre land har arbeidarrørsla vore den kraftigaste motoren for demokratisring og sosial utjamning.

No trengs dei kreftene på ny. Finanskrisa har synt kor ille det kan gå når marknadsfundamentalistane får setje spelereglane for politikk og økonomi. 40 % ungdomsarbeidsløyse i Spania, 20 % i Sverige. Millionar gjekk gjennom vinteren i Europa utan ein heim. Sjølv om styrka til fagrørsla og den raud-grøne regjeringa i Noreg hindra massearbeidsløyse, har dei same kreftene og tankane som skapte katastrofe i verdsøkonomien også hatt innverknad på vårt eige land. Adecco-fiseringa av arbeidslivet er det fremst dømet, 12 % av norske arbeidarar jobbar midlartidig, talet på bemanningsbyrå auka med det firedoble mellom 2001 og 2008. Utryggleik og midlartidigheit trugar inntektene til og flyttar makta vekk frå dei tilsetje. Ei mobilisering for velferd, arbeidsfolks rettar og politisk styring av marknaden trengs.

1.mai er viktig del av kulturen til nordmenn flest. Framstegspartiet er for framandelement å rekne når partiet år etter år ønskjer å fjerne eller uviktiggjere merkedagen til den norske arbeidarklassen. Sjølvsagt går ikkje folkefleirtalet i 1. mai-tog. Slik har det neppe heller vore nokon gang. Men sjølv om eg gjerne skulle sett endå fleire bak parolar og i samfunnsalar, er eg ikkje nevneleg uroa over påstandar om at arbeidardagen har ”mista meininga si.” For det første fordi slike påstandar som regel vert framsett frå dei som alltid har vore motstandarar av arbeidarorganisering (”ta saa videre proletarenes mangel på opdragelse, misundelsen, selvgodheten og hatet, sa har de hele buketten fuld” Unge Høgrer om dei første fagorganiserte)  Men endå viktigare fordi dei ideane og verdiane vi markerar 1. mai er ein rotfest del av det nordmenn flest meiner er eit godt samfunn. Eit samfunn med sosial likskap, folkestyre, arbeid til alle og der alle har like mulegheiter.

 


About olavmagnus

Leiar i Sosialistisk Ungdom
This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

1 Response to 1.mai

  1. Lars says:

    Så djävulskt bra! Varma kamratliga hälsningar från en svensk Ung Vänster-aktivist!

Leave a comment